Odd Nordstoga med band

Odd Nordstoga med band.jpg

Odd Nordstoga er klar med eit nytt studioalbum som har fått namnet «Kløyvd».

Historiane på «Kløyvd» handlar ofte om strevet med å finne forløysing, finne fred, finne heilskap. Anten det er ein kval, ein nyskilt mann eller ein forvilla utflytjar det handlar om, så har dei ikkje funne heilt «heim». Odd Nordstoga og hans fantastiske band gler seg veldig til å koma ut og framføre denne plata!

I tillegg lovast sjølvsagt ein utsøkt bukett låtar frå den etterkvart ganske omfattande back-katalogen.

Odd Nordstoga for første gang på Kulturscenen!