Kan nokon gripe inn

kan nokon gripe inn.jpg

Terningkast 6 for Stein Torleif Bjella på teater! 20.000 har sikra seg billett og hausten 2017 er det turné til heile landet.

Vi er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste toga dundrar forbi, men det er framleis liv i bygninga som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søker kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Stein Torleif Bjellas karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn. Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I Bikubesong (av Frode Grytten, dramatisert av Lasse Kolsrud) følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda. I Sånne som oss (av Frode Grytten/DNS) fekk vi innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. I Bikubesong var det The Smiths som lydla scenerommet. John Olav Nilsen og gjengen var tonefølgjet i Sånne som oss. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Sjølv har han vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar.

Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode liv.

På scenen: Kjersti Dalseide, Pål Christian Eggen, Hallvard Holmen, Lasse Kolsrud, Hildegun Riise, Hans Rønningen, Hallgrim Bratberg, Nils Jansen, Marius Reksjø og Erik Holm.

Regissør: Lasse Kolsrud. Scenograf: Siri Langdalen. Lysdesigner: Torkil Skjærven. Lyddesigner: Jostein Reistad. Koreograf: Belinda Braza. Dramaturg: Carl Morten Amundsen. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Produsert av Det Norske Teatret i samarbeid med Riksteatret

Framsyningstid: 90 minutter (ingen pause).

Urpremiere på Det Norske Teatret 14. januar 2017.

Turnepremiere på Ål Kulturhus 11. oktober 2017.

På turné til 22 stader hausten 2017.